Spinna

29 - 01. desember 2024 FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal
IMG_0899.jpeg

Danse seg i transe

Tredagers innføring i spinning av kropp og sinn. Korleis spinne til meditasjon, transe eller koreografi? Kva kan me lære av den  norrøn arven. Hallgrim Hansegård har samla kunnskap frå folkedansen i Valdres, arkeologar, historikarar, religionsvitarar og tyrkiske dervisjar.

Tid: Start kl 12 den 29/11. Slutt kl 15 den 1/12

Pris for eksterne: 500 kr. Ein sørger for overnatting og mat sjølv.

 

>> PÅMELDING HER! <<

Kurset inneheld:

  • Historiske kjelde.
  • Fysiologisk teori.
  • Grunnleggjande spinneteknikk (som i dansande snurring.) Inkludert pardansen gangar.
  • Intro til spinning av ull med handtein ved Karianne Kay.
  • Transerituale med spinning og levande musikk.

 

Fredag 29.11:

  • Fysiologisk teori
  • Bruken av pust for å unngå kvalme
  • Oppvarming for å unngå kvalme
  • Snurreteknikkar frå folkedans og sufismen
  • Introduksjon til spinning av ull og spinninga si potensielle rolle i volvene sin esoteriske praksis
  • Intro til spinning av ull med handtein ved Karianne Kay.
  • Spinneøkt til levande musikk på kvelden

 

Laurdag 30.11:

  • Oppvarming for å unngå kvalme
  • Snurreteknikkar og gangar
  • Historiske kjelde
  • Kvelds/nattøkt med spinning til levande musikk

 

Sundag 01.12:

  • Oppvarming for å unngå kvalme
  • Koreografisk eksperimentering med spinning
  • Evaluering/avslutning

Video frå studietur til dervisjar i Sør-Tyrkia: