Cirqus Hialøs er ei framsyning med folkemusikkbandet Hialøsa frå Skåne og dessutan fire nordiske sirkusartistar. Fele, kontrabass, song og fottramp, akrobatikk, stunt i trapes og tau står sentralt i leiken i gruppa med dei tradisjonelle slåttane og dansane. Fysiske, emosjonelle og musikalske element utforskar kva som er mogleg. Cirqus Hialøs vekslar mellom livet, dansen og døden sjølv!
Framsyninga er ei blanding av konsert og kabaret. Grunnlaget er musikalsk, og i staden for å leggja
musikk til sirkus, vil me leggja sirkus til musikken. Integrasjonen mellom kunstformene er viktig, men
ein freistar å finna balansen der dei respektive uttrykka får behalde sin styrke. Me vil undersøkja
likskap og ulikskap i det kroppslege mellom tradisjonelle danseuttrykk og sirkusdisiplinar, for å kunna byggja eit komplekst rørslemateriale der musikken er integrert i sirkusteknikken.
Bli med på festen med gamal musikk frå Skåne og triks du ikkje har sett maken til!
Velkomne til FRIKAR-SMIA!