Om Regionalt kompetansesenter

MS_frikar-9011.jpg

FRIKAR ynskjer å fascilitere multiplikasjon av kunnskap ved å krysse erfaring frå ulike sjangrar, kunstformer og yrkesgrupper. 

"Ein mesters forbanning er at læresveinen vil overgå han" er eit gamalt ordtak. I FRIKAR held vi på meisterlæra, men knyt band mellom dansekunstnarar frå ulike delar av verda. Slik vil vi gje vidareutviklarane av dansekunsten vidare perspektiv og breiare tilgang på idear. 

Visjonen til FRIKAR er å bevege seg gjennom det ukjente med eldgamal kunnskap mot ei berekraftig framtid. Vi er svært interessert i immaterielle verdiar som tåler tidas tann, men som kan tilførast ny kunnskap og finne nye måtar å bli relevante på. Samstundes er vi takksame å få byggje vidare på ein fleire hundre år gamal dansetradisjon utvikla av utruleg mange generasjonar av personar som elska å bevege seg. 

Difor ynskje vi å bidra til at denne kunnskapen blir vidareutvikla og kan vera med å påverke måten å tenkje på i framtida. Difor kan vi halde same fokus gjennom mange år, i staden for å starte med blanke ark for kvart prosjekt. Difor vel vi å bruke tid og overskot frå verksemda vår på grunnforsking som kanskje kan tjene framtidige produksjonar og generasjonar. 

Og gjennom verkstader, seminar, produksjonar og denne nettsida ynskjer vi å gjera ny kunnskap tilgjengeleg for alle interesserte. 

Video fra verksted med Kova-teknikk av Marina Rodriguez fra La Veronal.

 

Eit døme på korleis FRIKAR triggar utviklinga innan den tradisjonelle hallingdansen og formidlar den vidare gjennom utradisjonelle kanalar. Her frå skapinga av dataspelet "Age of Conan".