Fjelldansen er eit prosjekt som skapar ein lokal og global møtestad for dansekunst i Valdres og Hallingdal. Kompetansesenteret er støtta av Kulturdepartementet, Innlandet fylke, og Valdres Natur og Kulturpark. Fjelldansen er det einaste i sitt slag med hovudfokus på møtet mellom samtidskunsten og den lokale tradisjonsdansen.
Fjelldansen har som mål å auke kompetanseutviklinga i koreografikunsten og å styrke produksjons- og formidlingsvilkåra for dansekunst i området.
Fjelldansen står årleg bak:
- Residensar for dansekunstnarar av internasjonal kaliber.
- Kompetansehevande verkstader for profesjonelle og framtidige profesjonelle dansarar.
- Nettverksmøte mellom ulike residensstader, scener og dansekunstnarar.
- Koreografiske forskningsprosjekt som meislar ut nye moglegheiter å byggje vidare på.
- Kunstnarlege samtaler for å styrke det lokale publikumet sin kompetanse på dans.
Ein av Fjelldansen sine styrker har vore bruken av SMIA, som står for «Studio for Movement and Integrated Arts». Dette er FRIKAR sitt spesialbygde studio som er spesielt tilrettelagt for tverrfagleg kunstutfalding. Det ligg vakkert til like ved Aurdal kirke, med sauejorde som nærmaste nabo og utsikt mot Aurdalsfjorden. Alle vitjande kunstnarar fortel om arbeidsro og inspirasjon til nye tankar og idear som blir til medan dei jobbar her på SMIA.
Til no har desse dansekunstnarane vore i residens gjennom Fjelldansen:
- Acting for Climate-nysirkus kompani (Norge, Sverige og Danmark)
- Absence Crew (Norge)
- Irina Demina (Berlin/Russland)
- Mia Habib (Norge)
- Omar Rajeh & Mia Habis (Libanon)
- Hemabharathy Palani (India)
- Bruno Caverna (Brasil)
- Christopher Arouni & Jon Filip Fahlstrøm (Sverige og Norge)
- Bjørn Säfsten (Sverige)
- Anita Vika Langødegård og Hanna Våge Skjeggestad (Norge)
- Chriz Nypan (Norge)
- Marika Peura (Finland)
- Viktor Fröjd (Sverige)
- Selene Munoz (Spania)
- Mirai Moriyama (skuespiller), Junya Oikawa (komponist/musiker) & Jon Filip Fahlstrøm (Japan og Norge)
- Montage dansekompani v/Heidi Grøtte, Marthe Aagesen, Emilie Thun og Rebecka Lange (Norge)
- Michael Aspli (Norge)
Henvendingar om Fjelldansen rettast til Hallgrim Hansegård, art@frikar.com, 47611547
Les meir om FRIKAR si utforsking.
Les meir om forskningsprosjekt om Flokkintelligens.
Les meir om kompetansehevande verkstader.
Les meir om FRIKAR-SMIA (studio, kjøkken og soverom)
Foto: Cathrine Dokken