Kompani / Verk

GOTOGUTA

Fysisk trio om kroppskontakt og gruppedynamikk

GotoGuta er ein leik med tradisjonar mellom tre av dei flotteste tradisjonsdansarane me har i Noreg, saman med ein hardingfelemusikar som medverker aktivt på scenen.

Framsyninga formidlar danseglede og briljerar med imponerande og krevande momenter i hallingdansen. I tillegg ser me ei ømmare side enn kva ein ofte forventer frå den tradisjonelle folkedansen. Framsyninga utfordrar konvensjonane rundt mannleg fysisk samhandling som hindringane til nær fysisk kontakt, ei nedarva angst og kløninga mellom menn. Dette innbyr til lett komikk og moglegheita for å kjenne seg att.

"Med GotoGuta ynskte eg å laga ein kraftfull trio som leikar med gruppedynamikk og stereotypiske forventningar til fysisk kontakt mellom vener." - Hallgrim Hansegård, kunstnarleg leiar.

"Ømt, kraftfullt og akrobatisk. (...) I GotoGuta merkar vi at energien som flyt mellom dei som er på scenen, utfordrar oss. Det er både svært kjenslevart og fullt av kraft og humor. Det gjer godt å sjå menn te seg slik, med ei så stor breidde i uttrykket." - Marianne Lystrup, Folkemusikk.

Les heile anmeldinga her.

#Fysisk trio
#Folkedans
#Hardingfele
#Gruppedynamikk
#Fysisk kontakt mellom gutar

"Fenomenet FRIKAR er noko av det beste som har hendt i norsk samtidsdans."

Marianne Lystrup
Folkemusikk

CAST OG KREDITERING

Kunstnerisk leiar: Hallgrim Hansegård

Dansarar: Nikolaj Bo Fischer Nielsen, Jon Bugge Mariussen, Håkon Håvelsrud Odden og Erlend Viken

Teknikarar: Jan Harald Ovrum og Herman Kvelprud

Medskapande dansarar: Ådne R. G. Kolbjørnshus, Vetle Springgard og Hallgrim Hansegård

Medskapande musikarar: Andris Hemsing og Erlend Apneseth

Dramaturg: Célestine Hennermann

Lys og sett designer: Horst Muhlberger

Lyd designer: Herman Kvelprud

Kostyme design: Hallgrim Hansegård og Sylvia Denais

Co-produsentar: Førde Traditional og World Music Festival, Riksscenen og Fjelldansen

 

Støtta av Oppland fylkeskommune og Valdres kommune. Undersøkjingar og forarbeid er støtta av Kulturrådet. 

Verdspremiera var på Førdefestivalen 1.juli 2015. 

GotoGuta med Hallgrim Hansegård, Ådne R. G. Kolbjørnshus & Vetle Springgard
GotoGuta med Hallgrim Hansegård, Ådne R. G. Kolbjørnshus & Vetle Springgard
Teknisk rider
Last ned her
PRESSEFOTO GOTOGUTA
Her kan du laste ned pressefoto til redaksjonell bruk. Fotograf lyt krediterast.

GOTOGUTA er framført på Førdefestivalen, Rudolstadt-festivalen i Tyskland, Aurora-festivalen i Roma, Oslo World Music Festival, Hilme-stemnet, Landskappleiken, Ål kulturhus, Hilmarfestivalen, Bølgen Kulturhus, Ælvespeilet kulturhus.