Kompani / Verk

FENRIR

Tau og folkedans inspirert av norrøn mytologi

Koreografane og dansarane Naomi Bratthammer og Hallgrim Hansegård vil i lag med komponist og musikar Terje Isungset skapa ei suggererande danseframsyning for unge og vaksne der me bruker myten om Fenrisulven til å betre forstå vår indre kamp mellom lidenskap og grådigheit.

PREMIERE 4.april 2025, Riksscenen Oslo. >> Billettar <<

26. april 2025, Hamar kulturhus. >> Billettar <<

29. april 2025, Operahuset i Nordfjord. 

Om å takle dei utamde kjenslene våre, vår indre ulv. 

Velkomen til "FENRIR," ei reise inn i den djuptgåande relasjonen mellom Fenrir og Odin. Kjerna i Ragnarok blir akrobatisk tolka som dei indre kreftene i oss.

Rørslekunstnarane Naomi Bratthammer og Hallgrim Hansegård, i samarbeid med komponisten Terje Isungset, skapar ei scenisk tolking av myten om Fenrisulven frå norrøn mytologi. Kan historia lære oss noko om det å fornekte det utemde i oss sjølv? 

Odin var spådd å bli slukt av ulven Fenrir, eit symbol for dei utamde kjenslene. Då ulven vart fødd, vart han adoptert av Odin og æsane for å bo saman med dei. som tida gjekk voks ulven seg så stor og sterk at han laut bli bunden. Dei sterkaste kjettingane held ikkje, og Odin får hjelp av dei underjordiske svartalvane til å laga den magiske snora Gleipnir. Fenrir forstår at han kan bli lurt, og krev at krigsguden skal leggje handa si i kjaften hans som pant. Handa blir ofra og Fenrir blir endeleg bunden. Men kost reagerer kjenslene når me bind og fornektar dei? 

Mot slutten av ragnarok går det som spådd, ulven slit seg laus og sluker Odin.  

Dette er historia som inspirerer ei svingande framsyning av sirkustau, akrobatikk, folkedans og naturinstrumental musikk. Samspelet mellom dei to karakterane gjev oss ei djupare forståing av korleis kjensler og fornuft kan eksistere side om side, og korleis me som menneske kan lære av både styrka og sårbarheita som ligg i denne.

Ifølgje psykoanalytikar Carl Jung har vitskapen bana veg for ei horisontal forståing av verda som fokuserer på imperialisme og forbruk. Med vertikalt tau inkorporerer «FENRIR» ei vertikal, førkristen verdsoppfatning som tilfører mytene tidlause kvalitetar av draumar arva gjennom århundra.


Foto av Antero Hein frå «FRIKAR I FOSSEN 2024» med Naomi og Hallgrim. 

#Folkedans
#SIrkus
#Norrøn mytologi
Naomi Bratthammer

Naomi Bratthammer er ein pionér innan sirkusdisiplinen “kontakttau”. Scenekunstnarar som deler på eit hengande tau kombinerer teknikkar som kontaktimpro, floorwork, partnerakrobatikk, tauakrobatikk (corde lisse) og Spanish web. Resultatet er like mykje dans som sirkus. 



Hallgrim Hansegård

Hallgrim Hansegård har utvikla den norske folkedansen som koreografisk kunstform og er i ferd med å skrive bok om nordisk dans frå steinalder til kristninga. Denne researchen bruker han til å forme eit animistisk og rytmisk dansespråk inspirert av eldre, nordisk historie. 



Terje Isungset

Terje Isungset er ein av våre fremste komponistar og har i spesialiseringa si skapt sin eigen sjanger av ismusikk og instrument av natur. Han har laga musikk til utallige danse- og teaterframsyningar og har god kjennskap til norsk folkemusikk. I “FENRIR” vil han bidra med konseptuelle tankar, kontemporært lydbilde og folkemusikalsk timing. 



Kirsti Buchanan Ulvestad

Kirsti Buchanan Ulvestad er produsent for FENRIR. Til dagleg jobbar ho for FRIKAR.

For spørsmål om prosjektet kontakt Kirsti: prod@frikar.com

Supporters: