"Fenomenet FRIKAR er noko av det beste som har skjedd i norsk samtidsdans"
Med stramme koreografiar, fengande musikk og halsbrekkende akrobatikk, manuvrerar FRIKAR deg gjennom Happy Halling!
I planleggjinga gjorde ei rekke undersøkingar og fann ut korleis ein dansa i Noreg i gamle dagar. Klart vi vart overraska då vi fann ut at vi faktisk snurra på hovudet i hallingdansen for over 100 år sida! Dette måtte jo brukast og resultatet kan du sjå i Happy halling!
Happy Halling er eit koreograferte show med FRIKAR sine aller beste utøvarar og kjem i fire variantar:
GOTOGUTA tar med tre dansarar og éin speleman. Det er halsbrekkande innleving og formidling av ungkarenes tankar om seg sjølv og livet.
SOLO syner e
DUO er variasjonen med to energiske hallingdansarar og éin spelemann med bukkehorn!
Du får eit sprekt duo-arbeid med overraskingar av hallingkast og akrobatikk. Om moglegheitar byr seg kan det ver at vi gjerne engasjerer publikum til å prøve artige krum-spring.
TRIO tar med med tre dansarar og éin spelemann. Fleir om plassen gir jo mykje energi, kreativitet og humor og det er ein kombinasjon vi likar!
Smakebitar frå Happy Halling kan du sjå her:
Triohalling: https://youtu.be/8aN6G3wVahc?t=1m7s
Triospringar: https://youtu.be/qCadLYwNX0E
Kontakt Kirsti Buchanan Ulvestad: (+47) 92080587 / prod@frikar.com for booking eller ein uforpliktande prat.