Kompani / Prosjekt

FRIKAR X

FRIKAR X er eit profesjonelt dansekompani med nasjonalt talentprogram for nyutdanna bevegelseskunstnarar. Programmet er også Talent Norge si fyrste satsing i det frie dansefeltet. 

FRIKAR X er talentutviklingsprogram for rytmisk sterke og originale rørslekunstarar med særleg fokus på folkedans. 

FRIKAR har utvikla talent sidan 2008. I 2017 starta FRIKAR X i samarbeid med kjernepartnarane Talent Norge og Sparebankstiftelsen DNB. FRIKAR X er eit treårig program der dei fleste har bachelor før inntak. Me har ni samlingar i året i Valdres og i tillegg visse moglegheiter for utøvande erfaring / jobb.

FRIKAR X er også ei spesialisering på utøvande kunst ute i det fri. Me søkjer berekraft i reise, arrangement og miljø. Difor støttar me kollektivreiser med inntil 1000 kr pr samling.

Me skapar trygt og mangfaldig miljø på tvers av sjangrar med eit felles mål om å gje ny kraft til den norske kulturarven på eit internasjonalt scenekunstnivå. Treårig løp med ti fleirdagars samlingar årleg i Valdres, samt utforskande, sceniske prosjekt der dei får jobbe med dei beste i sine sjangrar. Internasjonale storleikar held meisterklasser.

FRIKAR X gjev dansarar og sirkusutøvarar i dei krevande etableringsåra eineståande moglegheiter til å utvikle sitt fulle potensiale, få nettverk og personleg oppfylgjing. Fordjuping i berekraftig og miljøvenleg scenekunst utandørs. 

 

Kjerneverdiar:

- FRI. Fridom for utøvarar og publikum. Ulike kroppar, bakgrunnar og uttrykk blir satt pris på.

- OMFAVNANDE. Samhald skapar trygg grunn for å ta risiko. Me har stor takhøgd og er glade i dialog.

- MODIG. Me utfordrar tradisjonar og eigne grenser.

 

FRIKAR X deler tak med dansekompaniet FRIKAR og Fjelldansen koreografiske senter. Dei beste talenta får jobbmoglegheiter i dansekompaniet i løpet av og etter programmet. 

 

Private bidragsytarar: Sparebankstiftelsen DNB

#Talentutvikling
#samtidsdans
#halling
#akrobatikk
#talent norge
#sparebankstiftelsen dnb
#eckbos legat

FRIKAR X er eit profesjonelt dansekompani med nasjonalt talentprogram for nyutdanna bevegelseskunstnarar. Programmet er også Talent Norge si fyrste satsing i det frie dansefeltet. 

FRIKAR X ER: 

  • Profesjonelt kompani for grensekryssande bevegelseskunst
  • Prestasjons- og kompetanseutviklande program
  • For eksepsjonelle, nyutdanna talent med internasjonale mål
  • Treningssamlingar, meisterklasser og seminar opne for yngre talent

KJERNEVERDIANE VÅRE ER: 

FRI. Fridom for utøvarar og publikum. Ulike kroppar, bakgrunnar og uttrykk blir satt pris på.
OMFAVNANDE. Samhald skapar trygg grunn for å ta risiko. Me har stor takhøgd og er glade i dialog.
MODIG. Me utfordrar tradisjonar og eigne grenser.



Over ser du eit utforskningsprosjekt vi har i Åbjøra-juvet som i 2018 spela for over 2000 publikumarar. Ekstremgruppene får våtdrakt og hjelm, dei andre lyt ta vegval gjennom juvet og skogen og dei kunstnarlege opplevingane undervegs blir påverka av vala. 

KONTAKT

Siri Wigdel

Tlf: +47 94089292

Epost: prod@frikar.com

 

Siri Wigdel
Prosjektleiar
FRIKAR X kryssar norsk natur, identitet og innovasjon
FRIKAR X kryssar norsk natur, identitet og innovasjon
FRIKAR har turnert i dei raudmerka landa
FRIKAR har turnert i dei raudmerka landa
I Norge har vi spelt på desse 150 stadane
I Norge har vi spelt på desse 150 stadane

TidarÅ, ei utandørsframsyning som trakk 3500 publikumarar på fem dagar er godt døme på FRIKARs innovasjon på tvers av sjangrar.

 

NOKRE FRIKAR-FAKTA

  • 32 land
  • 1,3 millardar tv-sjåarar
  • 100 mill YouTube-visningar
  • 10 mill frikar.com-visningar
  • Best choreography, Eurovision 2009
  • Silver prize Prix Italia 2013
  • Norges mest omtalte dansekompani
  • 10 siste NM-gull

Over får du eit glimt inn i FRIKARs innovasjon med norske tradisjonar: Frå halling på 1970-talet via seier i Eurovision Song Contest til utvikling av dataspelet Age of Conan.