
FRIKAR skapar dagsaktuell dans styrka på eldgamal kunnskap - for alle menneske på tvers av alle grenser. FRIKAR beveger seg gjennom det ukjende med eldgamal kunnskap mot ei bærekraftig framtid. "Fri deg sjølv" er arbeidsmottoet vårt fordi å krysse mentale så vel som fysiske, kulturelle og faglege grenser ligg til grunn i alle val vi gjer.
FRIKAR er eit dansekompani stifta av Hallgrim Hansegård i 2006 som held til i Valdres i Oppland fylke. Kompaniet kombinerer samtidsdans med gamle norske tradisjonar og er det leiande dansekompaniet i sin sjanger for dette. Sidan oppstarten har kompaniet turnert i 32 land og har motteke mange gode kritikkar i både nasjonale og internasjonale tidsskrift. Hansegård har vunne fleire film- og koreografiprisar både nasjonalt og internasjonalt, og vart i 2017 fyrste koreograf som ble utdelt Anders Jahres Kulturpris.
Er du interessert i å tinge nokon av prosjekta til FRIKAR? Ta kontakt for uforpliktande dialog!
Epost: art@frikar.com
Mobil: 47611547
Her kan du sjå dokumentaren "FRIKAR i Dragens Tempel" av Globus Media / NRK.