Ope opptak til FRIKAR X 22-25 okt! Søknadsfrist 11. sept.
FRIKAR X vidareutviklar talent innan bevegelseskunst gjennom eit tre årig program.
FRIKAR X tilbyr eit trygt, mangfaldig miljø du kan utvikle deg i over tid. Du får tilgang på
- 9 treningssamlingar i året med norske og internasjonale instruktørar
- Residensar på FRIKAR-SMIA til eigne prosjekt
- Fagsamlingar i Talent Norge
- Fysioterapi på Olympiatoppen
- Fri tilgang til FRIKAR treningssenter
- Scenisk erfaring med dansekompaniet FRIKAR som rekrutterer frå FRIKAR X.
Me ser etter:
- Rytmisk sterke utøvarar av dans og akrobatikk med individuelle uttrykk.
- Har interesse og kunnskap om jorda, andelege uttrykk og skandinavisk kulturarv.
- FRIKAR X vil leggje til rette for talent som kan bidra til å utvikle scenekunst og akrobatikk med tydeleg norsk særpreg på eit internasjonalt nivå.
Kjerneverdiane våre er:
Rause greiner:
- Gjestfritt fellesskap
- Delekultur, strekke seg mot periferien
- Utvikling og nyskaping
Ramm stamme:
- Integritet og gjennomførte verdiar i berekraftig drift. Få lov til å bidra som seg sjølv i skapande prosess.
- Sterkt samhald og tryggleik for å satse
- Langsiktig
Søkjande røter:
- Nysgjerrig og leiken graving i dei mørke hola i historia for å kaste lys på samanhengar, og kva det lokale i tid eller rom kan seia om samanhengar.
- Dyrke det å søkje og lytte, ikkje predikere sanningar. Fokus på prosess.
- Omfavnar mor jord og deler nettverk med andre levande vesen.
FRIKAR har utvikla talent sidan 2008. I 2017 starta FRIKAR X i samarbeid med kjernepartnarane
Talent Norge og
Sparebankstiftelsen DNB. FRIKAR X er eit treårig program der dei fleste har bachelor før inntak.
FRIKAR X er også ei spesialisering på utøvande kunst ute i det fri. Me søkjer berekraft i reise, arrangement og miljø.
Fagansvarleg er koreograf
Hallgrim Hansegård som inviterer verkstadhaldarar frå inn- og utland. I siste periode har me hatt Hofesh Shechter company, Lali Ayguadé, Akira Yoshida og Fighting Monkey++
Vår tilsatte dansar Julianne Solli fylgjer opp sosiale tiltak i gruppa og utveksling av kunnskap mellom medlemmane. Produsent Kirsti Ulvestad fylgjer opp jobbmoglegheiter for deltakarane.
FRIKAR X er ein del av eit økosystem for dans og sirkus som omfattar dansekompaniet FRIKAR, Fjelldansen koreografiske senter, arenaen FRIKAR-SMIA, FRIKAR treningssenter og undervisningsinstitusjonen FRIKAR-Akademiet. Dansekompaniet FRIKAR har spelt i 35 land sidan 2006. Kompaniet rekrutterer frå FRIKAR X. Talentprogrammet gjev spesialkompetanse som er relevant for folkedanskompania og Västanå teater.
ØKONOMI:
Programmet dekker overnatting og studio, samt reise for inntil 1000 kr pr samling. Programmet kan også dekke eit visst omfang av residensar.
Koreografiar frå det profesjonelle feltet kan bli øvd på under samling i talentutviklande samanheng, utan at utøvarane får honorar for det.
Jobbmoglegheiter blir dekka etter gjeldande tariffar. Som medlem i FRIKAR X får kan du ha residensar på FRIKAR-SMIA med eigne prosjekt når det er ledig studio.
OPPTAK:
Når: 22-25 oktober. Start kl 12 den 22 okt. Buss frå Oslo kl 0830.
Kvar: FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal. (2t 45min frå Oslo med Valdresekspressen). Stoppestad Aurdal kirke.
Opptaket er lærerik verkstad der juryen og gjestelærarar instruerer. Juryen er Julianne Solli, Anna Benedicte Andresen og Hallgrim Hansegård.
Etter 24 oktober blir det gjort ei evaluering der nokre kandidatar får bli til 25 oktober.
KRAV:
- Profesjonelt utøvarnivå innan dans, sirkus eller akrobatikk
- Deltakarar må kunne norsk innan eit år etter opptak (for å kunne forstå lokal kulturarv)
- Sende solovideo til art@frikar.com innan 4. september. Merk e-post: «OPPTAK FRIKAR X». Skal vise personleg uttrykk og helst sjølvkoreografert/improvisert. Me ser inntil 3 min pr utøvar.
- Motivasjonsbrev i same e-post.
- Det er positivt med songstemme
- Me ser etter skapande utøvarar som har interesse av å bidra i eit miljø og utveksle kunnskap.
- God rytmesans/timing
- Grunnleggjande akrobatikk som kontrollert hovudståande, god hjul, stå på hendene etc.
MOTIVASJONSBREV:
- Kva er dei prioriterte utviklingsområda dine for dei neste tre åra?
- Kvifor ynskjer du å utvikle folkedansevnene dine og kunnskapen om skandinavisk kulturarv?
- Kvifor vil du vera ein del av FRIKAR X?
Maks 1 A4-side