Kompani

Terje Isungset

Frilans musikar og komponist

Terje Isungset har vore ein sentral musikar innan norsk musikk sidan 1985.  Han har medverka på over 90 utgivingar, og gitt ut 14 solo-plater. Isungset blir rekna som ein pioner i forhold til å jobba med ulike lydkjelder. Hans instrument er sett saman av tre, stein, metall, trommer, cymbalar, bukkehorn og munnharpe. I 1999 oppfann Isungset omgrepet is- musikk noko som har vorte sentralt i hans vidare arbeid. Kombinasjonen fri Improvisasjon - ofte i samspel med ulike lands folkemusikk - har resultert i ei rekkje album. Resultatet av vel 35 års arbeid som utøvande musikar er eit musikalsk uttrykk utan tydelege referansepunkt til eksisterande stilartar.  

Terje er komponist/ utøvande musikar i FRIKAR verka sine GANDR og GLEIPNIR.