Kompani

Jon Bugge Mariussen

Dansar og medlem i FRIKAR X - scenisk folkedans

Jon Bugge Mariussen frå Nesodden er medlem i det nasjonale talentutviklingsprogrammet FRIKAR X - scenisk folkedans. Jon debuterte som frikar med GotoGuta 24.september 2018 og har òg vore innstuderingsleiar for Hallgrim Hansegård under musikalen Riverland. Jon var del av talentprogrammet FRIKAR jr frå 2015-2017 og var dansar under opninga av Ungdoms-OL i 2016. Jon er munnharpespelmann i tillegg til å vera ein av landets beste hallingdansarar blant den yngre garde.