Alle publikumarane er med i scenerommet og kan velgja mellom å stå og sita på golvet. Trengande vil få tilbudt stol. Teaterrøyken er godkjent også for asmatikarar. Nedre aldersgrense er tre år, tilrådd aldersgrense er åtte år.
Gjestfridom er ein raskt forsvinnande verdi i verda. Er vi den siste generasjonen som opplever at det bankar på døra? Burde gjestfridom vore på UNESCO si fareliste for immateriell kulturarv?
Kva er det vanskelegaste å servere når er vert i dag? Tilgjengeligheit?
I FRIKARs GESTR har Sudesh Adhana og Hallgrim Hansegård blitt inspirert av gamle, lokale tradisjonar som Upanishadene og Håvamål for å kaste lys på ekstreme aspekt ved relasjonen mellom vert og gjest. Ut frå dette har det vokse fram særeigne bevegelseskvalitetar og koreografiar til musikk av Amina Sewali.
Som vertar i GESTR har FRIKAR gleda av å invitere publikum som gjestar og gjennom strategiar frå ulike type besøk ynskjer vi å skapa rom for å bli kjent på nye måtar. GESTR er som eit sendebod kor du er ekstra verdifull for vertane.
Alle publikumarane er med i scenerommet og kan velgja mellom å stå og sita på golvet. Trengande vil få tilbudt stol. Teaterrøyken er godkjent også for asmatikarar. Nedre aldersgrense er tre år, tilrådd aldersgrense er åtte år.
Koreograf: Hallgrim Hansegård og Sudesh Adhana
Komponist: Maja Ratkje
Dramaturg: Thomas Schaupp
Kostymedesign og scenograf: Corentin JPM Leven
Lysdesign: Olav Nordhagen
Framsyninga er samprodusert med Teater Innlandet og Fjelldansen - regionalt kompetansesenter for dans. Ho er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.
Foto: Antero Hein
Samprodusentane Teater Innlandet og Fjelldansen regionalt kompetansesenter for dans.
Stønadsgjevarane Kulturrådet og Fritt Ord.