DATO: 25-26 mars
STAD: FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal i Valdres
PRIS: 100 kr for born under 16 år, 150 kr for vaksne, 1000 kr for full helg med fire workshopar, fire måltid og deltaking i tevlinga. Syskenrabatt for full helg er 200 kr pr pers.
DOMMARAR: Mads Bøhle, Daniel Grindeland og Bjørn Strand
PROGRAM
25 mars kl 12.00 - 14.30: Akrobatikkøkt på trampoline, airtrack og golv leia av Gjermund Bråten. Gjermund er snøbrettkøyrar og hallingdansar. Han tevla i finala i slopestyle i Sochi-OL, og har vore i den absolutte verdseliten i snøbrett. Han har junior-norgesmeister i halling.
25 mars kl 15.00-17.00: Seminar om battle-situasjonen leia av Daniel Grindeland. Daniel er ein av Nordens beste bboys, han er med i Absence crew, er fleire gonger norgesmeister og har kvalifisert seg til Redbull BC One Western Europe fleire år på rad. I dette seminaret vil han ta med seg deltakarane inn i dei fysiske og mentale sidene av battle-situasjonen.
25 mars kl 19-21.30: Opning ved Anita Vika Langødegård og Jan Beitohaugen Granli. Så kappdans jr og sr. Musikarar: Margit Myhr, Jan Beitohaugen Granli og Ingrid Lingaas Fossum.
25 mars kl 21.30: Sosial dans med musikarar frå tevlinga og andre. Springar og gamaldans.
26 mars kl 10-11.30: Workshop i bboying (breakdance) med Daniel Grindeland.
26 mars kl 11.30 - 18: Workshop i bruk av teaterlys ved Jan Harald Ovrum.
FRIKAR-tevlinga og/eller seminara er støtta av Kulturrådet, Valdres Natur- og Kulturpark og Sparebankstiftelsen DnB