Hallgrim Hansegård
Hallgrim Hansegård
Hallgrim Hansegård tok over som dagleg leiar for FRIKAR etter nedmanning pga pandemien, og har planlagt å gje frå seg dette roret i 2026 etter å ha bygd oppatt aktivitet og mannskap. Utanom engasjementet som dagleg leiar er Hallgrim kunstnarleg leiar, koreograf og utøvar.
Hallgrim har også site i juryen for Spellemann, i scenekunstutvalet i Kulturrådet og i generalforsamlinga til Sparebankstiftelsen DNB. Han stifta enkeltmannsforetaket Dansekompaniet Frikar i 2000 og starta driften av kompaniet i 2006. Han har også oppretta FRIKAR-Akademiet, Fjelldansen koreografiske senter og talentutviklingsprogrammet FRIKAR X. Hallgrim vart i 2017 den fyrste koreografen som mottok Anders Jahres kulturpris. Han har vunne landskappleiken i hallingdans fire gongar, inkludert kongepokal.