Eit vandrande rituale av dans og musikk for det tredje årtusen.
Med rytmer, natur og hamskiftande dans ynskjer FRIKAR å blåse nytt liv i vår eldgamle kulturarv. I 2024 turnerer me den suggererande vandrevisninga GANDR i samarbeid med DNT. Turmåla er andelege og vakre stadar ikkje langt frå deg.
"FRIKAR er meistrar i å skapa ikoniske bilde." - Avisa Valdres
"Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært." - Oppland Arbeiderblad
I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn aldri før å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord. Det har inspirert oss til å laga GANDR.
GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen.
Etter eit lite rytmisk, grupperituale med staven går me ein tur der du får nære møte med kunstnarane. Til slutt samlar me alle for å sjå den avsluttande danseframsyninga.
Konsept og koreografi: Hallgrim Hansegård. Koreografien utvikla i lag med medskapande dansarar.
Kostymedesign: Line Maher.
Produsent GANDR: Ingvild Kristin Kirkvik
Produsent FRIKAR: Syv mil v/Tora de Zwart Rørholt og Ingrid Saltvik Faanes
GANDR og turneen er utvikla i samarbeid med talentutviklingsprogrammet FRIKAR X som er støtta av Talent Norge, og Sparebankstiftelsen DNB. GANDR er også støtta av Kulturrådet, Innovasjon Norge, Fritt Ord, Innlandet fylke, Valdres Natur- og Kulturpark, Gnistfonden for unge og Det norske komponistfond.
Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB!
Musikk:
Komposisjon og musikalsk ansvarlig: Terje Isungset
Joikar: Torgeir Vassvik.
Bjørnejoik: Trad.
Tekstuttdrag: Håvamål
Terje Isungset: Munnharper, bukkehorn, trommer, strein, tre og metall
Torgeir Vassvik: Stemme, joik, strupesang og gitar
Sondre Veland: Trommer
Hjartleg takk til grunneigarar og andre samarbeidspartar for turneen.
Takk til alle friviljuge!