Vikingløypa

hopp2.jpg

I 2023 opnar vikingløypa i Aurdal, ei hinderløype for store og små av tømmer, stein og tau!

Takka vera stønad frå Sparebankstiftelsen DNB og Innovasjon Norge, samt gode frivillige krefter lokalt kan me i 2023 opne vikingløypa ved FRIKAR-SMIA i Aurdal. Byggetrinn 1 er gjort og byggetrinn 2 skjer våren 2023. Dette er på plass: 

  • Amfi for 200 personar
  • Sirkulær scene, halvbygd pga fabrikasjonsfeil og leveringskø
  • Fellesbadstogo
  • Sittegruppe av steinar. Fungerer også om artig hoppeløype. 
  • Slakk line mellom tre
  • Klatretre
  • 12 meter underjordisk røyr som er artig å skli gjennom. 
  • I tillegg har området ballbinge og huskar. 

 

Ambisjonen med byggetrinn 2 er å montere opp frittståande apparat for klatring, slenging, balanse etc samt eit grindbygg med tak som vil fungere både som multi-hinder og ein tørr plass for skifting og barnevogner etc. Området er universelt utforma slik at rullestolar og barnevogner får god tilgang.