Varme og kulde er viktig i norsk kulturarv og i FRIKAR sin kunst.
BOOKING
600 kr pr tidslomme til VIPPS 132357, inkludert ved som ligg under badstogo. Vippsing skal skje frå ein person, slik at dei som spleiser gjer opp seg i mellom.
>> Her kan du reservere badstogo <<
Me ynskjer å halde rimelege prisar. Tilsvarande badstogovogn i Oslo kostar 1200 kr for 90 min, så 600 kr for 3 timar er kvarte prisen. Difor set me pris på at du etterlét badstogo slik at den er klar til neste gjest.
- Ta med søpla di
- Kost benkar og rundt ovn
- Steng dørene
Kos deg!
BADSTOGOREGLAR
- ALL BRUK SKAL BLI FØREHANDSTINGA PÅ DETTE ARKET. OM DU KJEM TIL OPPTATT BADSTOGO KAN DU SPØRJA OM Å FÅ VERA MED, MEN AKSEPTER OM DEN ER OPPTATT. VIPPSING FOR ØKTA SKAL KUN SKJE FRÅ EIN PERSON, SLIK AT DEI ANDRE VED SPLEISING VIPPSAR TIL VEDKOMANDE.
- DRIKK RIKELEG MED VATN FØR, UNDER OG ETTER ØKTA
- BRUK MEDBRAKT HANDKLEDE PÅ SITTEBENK
- BRUK KUN FERSKVANN PÅ OVNEN
- OM DU FØLER DEG UVEL ELLER SVIMMEL, FORLAT BADSTOGO
- VER FORSIKTIG, DET KAN VERA GLATT PÅ TRAPPA OG UTE
- UNNGÅ DRIKKER MED STERKE FARGESTOFF, SLIK SOM RAUDVIN OG COLA, DÅ DETTE SET MERKE PÅ TREVERKET
- MAT I BADSTUEN ER IKKJE TILLATT
- BADING OG BADSTOGO SKJER PÅ EIGE ANSVAR
- BARN UNDER 18 ÅR MÅ KOMA I FYLGJE MED FORESATTE, OG SKAL ALDRI VERA I BADSTOGO UTAN TILSYN
- PERSONER SOM ER SYNLIG BERUSA KAN BLI NEKTA ADGANG ELLER FORVIST FRÅ BADSTOGO
- ALL VEDHOGGING SKAL SKJE UTANFOR BADSTOGO. FOR RASKAST MOGLEG OPPVARMING FINKLØYV VEDEN
- OVNSDØRA SKAL VERA LUKKA UNDER BRUK.
- KOST BENKAR OG RUNDT OVNEN OG KAST RUSKET UNDER VOGNA SLIK AT DET ER HYGGELEG Å KOMA FOR NESTE GJEST
- SKO ER KUN TILLATT I OMKLEDNINGSROMMET
- UNNGÅ TISSING I UTEOMRÅDET. BRUK DO I YTRE GANG TIL FRIKAR-SMIA
PUST UT, RO NED & NYT!
Value cannot be null. Parameter name: source