Velkomen til GOKAR™! Koreograf Hallgrim Hansegård vaks opp med godkarstykka frå Valdres og har reist verda rundt og samla kunnskap om bevegelse frå kinesiske kungfumunkar, indiske yogiar, capoeira-meistrar frå Brasil, amerikanske breakdansarar og andre kulturar. Han er med i Olympiatoppens prestasjonsklynge og programansvarleg for Talent Norge-prosjektet FRIKAR X.
No leiar Hansegård prosjektet GOKAR™ hvis mål er å gjera bevegelseskunnskap frå gamle tradisjonar i møte med samtida si kunnskap tilgjengeleg for alle. Me trur at artig og enkel trening som du kan gjera med rimelege verkty kvar som helst i verda kan vera eit viktig bidrag for at me skal kunne fri oss frå fysiske og mentale smerter og oppnå ei lukkeleg aldring. Kvifor betale meir pengar enn sveitte for god trening?
I GOKAR™ nyttar med kroppstyngda i øvingar som går tilbake til vikingtida og som har vore brukt til å trene opp ungdommar til å bli gode bønder, dansarar, jegarar og krigarar.
Klasser
"Smette mjuke" gjer deg smidig, sterk og stødig. Særleg hoftebøyarane på framsida av lår og magemusklane får god styrketrening. Romkjensla i heile kroppen blir også utfordra godt.
Logg inn og betal med kort utan paypal-konto, eller bruk paypal.