
Klassisk ballett ligg til grunn for mange dansestilar og er svært god trening av kroppskontrollen.
Klassisk ballett er dansesjangeren du finn i ballettar som «Svanesjøen» og «Nøtteknekkeren». Klassisk ballett er den opprinnelege danseformen innan scenisk dans, og kombinerer teknikk med morsomme trinn og kombinasjonar. På desse timane øvast kroppsposisjonar, fotarbeid, koordinasjon, balanse, fleksibilitet og styrke. I tillegg jobbar ein fram grasiøse bevegelser og ein lyrisk framtoning, slik ein kjenner att i den klassiske balletten.
Kontakt Ann-Merete på ceo@frikar.com for spørjemål eller om det problem med betalingsfunksjonen.
Om instruktøren Ann-Merete Haraldsen Lund
Ann-Merete er utdanna ballettpedagog med ein bachelorgrad fra Den Norske Balletthøyskole, Oslo. Ann-Merete har undervist i ulike dansesjangrar ved ballettskuler i Oslo og omegn gjennom mer enn 20 år. Ho har fordjupning i jazzdans og klassisk ballett, men har òg undervist i barnedans, stepp dans, moderne dans, hip hop, showdans og ballett for vaksne.
Om å undervise seier Ann-Merete: "Mitt hovedfokus som pedagog gjennom ei årrekke har vore å fremme danseglede og utvikle danseferdigheiter gjennom god oppfølgjing, instruksjon og heiarop på vegen. Alle føtter kan danse, og dansen utvikler god kroppskontroll, styrke, fleksibilitet, rytme og balanse. Men viktigast likevel: meistringsfølelse og evne til å utrykkje følelser gjennom dansen."
Merk at det er bindande påmelding og at semesteravgifta forfaller ved oppstart.