Trykk HER for påmelding
Meistringsglede, mot og kreativitet! Hjå FRIKAR-Akademiet får unge i alderen 3-18 fridd seg sjølv frå fysiske og mentale grenser.
Trykk HER for påmelding
Me har eit spesialtilpassa opplegg for ungar i barnehagealder! Her legg me ekstra vekt på bevegelsesglede og utvikling av stormotoriske evner. Balanse, rytme, romkjensle og fantasi er viktige ingrediensar i treninga. Me øver på å sitja skikkeleg på huk, rulle i fleire retningar, snurring, ulike hopp og hink, stå på hovudet, slå hjul. Dette gjev eit godt grunnlag for å meistre nivået i partiet for 1.-4.-klasse og kroppsøving generelt. Me har gjort eit val om å fokusere meir på bevegelsesglede og bli kjent med kroppen sine moglegheiter enn å øve på disiplin. Difor differensierer me litt treninga for dei ulike deltakarane og tillét litt leik. Men me fokuserer på å skapa tryggleik i gruppa.
Pris: 1500 kr for 13 treningar våren 2022.
Ta med: Treningstøy med sokkar. Drikkeflaske med sugetut.
I partiet for 1. - 4. klasse øver me på grunnleggjande akrobatikk og inkluderer litt hallingdans. Her får deltakarane sjansen til å meistre å stå på hovudet, stå på hender, slå hjul, gjera stiftar, saltoar, sparke hatten osv. I tillegg øver me på rytme og kroppskontroll gjennom hallingdansen.
Me øver på golv, matter, airtrack og trampoline.
Pris: 2.000 kr for 13 treningar.
Ta med: Treningstøy og sokkar. Drikkeflaske med sugetut.
Kurset som i utgangspunktet er for 5. klasse og oppover gjev ei innføring i sirkusdisiplinar som tøyakrobatikk og vertikal dans i klatretau. Det er det einaste tilbodet i sitt slag som me kjenner til her i Norge og gjev spesielt stor meistringsglede.
Me set tryggleik i høgsetet og går gradvis fram ettersom dugleiken og tryggleikskjensla til deltakarane stig.
SJÅ FILM FRÅ FORLØPAREN TIL DETTE TILBODET HER!
Pris er 2000 kr for 13 treningar.
Ta med: Ettersitjande treningstøy som ikkje viklar seg inn i utstyret vårt. Drikkeflaske med sugetut.
Dette partiet er for dei som vil utvikle seg vidare i akrobatikk og halling og som gjerne ynskjer å vera del i eit kreativt miljø som finn på nye triks og kombinasjonar. Ein bør helst meistre å stå på hovudet, slå hjul, og ta baklengs salto for å starte på partiet.
Me øver på golv, matter, airtrack og trampoline.
Pris: 2.000 kr for 13 treningar.
Ta med treningstøy med sokkar og drikkeflaske med sugetut.