Vår 2022

svala.jpg

Meistringsglede, mot og kreativitet! Hjå FRIKAR-Akademiet får unge i alderen 3-18 fridd seg sjølv frå fysiske og mentale grenser. 

 Trykk HER for påmelding

 

Fakta
  • 13 treningar pr semester.
  • Me fylgjer skuleruta for feriar. 
  • Ei uforpliktande trening i starten av semesteret. Ved andre gongs oppmøte påløper heile semesteravgifta. 
  • Du får faktura på epost. 
  • 30% avslag for yngste søsken og for tilbod nr to for same deltakar. 
  • Hovudinstruktør er Hallgrim Hansegård. Me har dyktige vikarar som Håkon Håvelsrud Odden.
  • Oppmøte i FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal. Møte 5 min før treninga startar for å unngå forsinking. 
  • Deltakarar i barnehagealder kan ha med foreldre inn i klassa fyrste gongen. 
DANS & AKROBATIKK 3-5 ÅR

Me har eit spesialtilpassa opplegg for ungar i barnehagealder! Her legg me ekstra vekt på bevegelsesglede og utvikling av stormotoriske evner. Balanse, rytme, romkjensle og fantasi er viktige ingrediensar i treninga. Me øver på å sitja skikkeleg på huk, rulle i fleire retningar, snurring, ulike hopp og hink, stå på hovudet, slå hjul. Dette gjev eit godt grunnlag for å meistre nivået i partiet for 1.-4.-klasse og kroppsøving generelt. Me har gjort eit val om å fokusere meir på bevegelsesglede og bli kjent med kroppen sine moglegheiter enn å øve på disiplin. Difor differensierer me litt treninga for dei ulike deltakarane og tillét litt leik. Men me fokuserer på å skapa tryggleik i gruppa. 

 

Pris: 1500 kr for 13 treningar våren 2022. 

Ta med: Treningstøy med sokkar. Drikkeflaske med sugetut. 

 

AKROBATIKK & HALLING 1.-4. KLASSE

I partiet for 1. - 4. klasse øver me på grunnleggjande akrobatikk og inkluderer litt hallingdans. Her får deltakarane sjansen til å meistre å stå på hovudet, stå på hender, slå hjul, gjera stiftar, saltoar, sparke hatten osv. I tillegg øver me på rytme og kroppskontroll gjennom hallingdansen. 

Me øver på golv, matter, airtrack og trampoline. 

SJÅ FILM HER!

Pris: 2.000 kr for 13 treningar. 

Ta med: Treningstøy og sokkar. Drikkeflaske med sugetut. 

 

 

SIRKUS & VERTIKAL DANS

Kurset som i utgangspunktet er for 5. klasse og oppover gjev ei innføring i sirkusdisiplinar som tøyakrobatikk og vertikal dans i klatretau. Det er det einaste tilbodet i sitt slag som me kjenner til her i Norge og gjev spesielt stor meistringsglede. 

Me set tryggleik i høgsetet og går gradvis fram ettersom dugleiken og tryggleikskjensla til deltakarane stig. 

SJÅ FILM FRÅ FORLØPAREN TIL DETTE TILBODET HER!

Pris er 2000 kr for 13 treningar. 

Ta med: Ettersitjande treningstøy som ikkje viklar seg inn i utstyret vårt. Drikkeflaske med sugetut. 

AKROBATIKK & HALLING 5. KLASSE +

Dette partiet er for dei som vil utvikle seg vidare i akrobatikk og halling og som gjerne ynskjer å vera del i eit kreativt miljø som finn på nye triks og kombinasjonar. Ein bør helst meistre å stå på hovudet, slå hjul, og ta baklengs salto for å starte på partiet.

Me øver på golv, matter, airtrack og trampoline. 

SJÅ FILM FRÅ TRENINGAR HER! 

Pris: 2.000 kr for 13 treningar. 

Ta med treningstøy med sokkar og drikkeflaske med sugetut.